DEBATT

Slik vil ettplansløsning ved nye Majorstua stasjon se ut. Dette er også den billigste løsningen, ifølge Sporveien.

- Nye Majorstuen stasjon bør kun ha eitt plan

— Nye Majorstuen stasjon i eitt plan er betre, meiner Venstres og Framstegspartiets representantar i Frogner bydelsutvalg. Sak om framtidig stasjon vart behandla tidlegare i oktober, men er enno ikkje ferdig regulert.

Publisert

Høyre, Ap, MDG, SV og Rødt gjekk alle inn for to-plansløysinga for nye Majorstuen stasjon.

Endringane på Majorstuen stasjon er som følgje av framføring og påkopling av Fornebubanen, som er under bygging og vil om nokre år trafikere områda Skøyen, Vækerø og Lysaker med T-bane.

— Ikkje tilstrekkeleg belyst

Ruter la fram eit reguleringsforslag som innebar at Fornebubanen vert kopla på eksisterande t-banenett i to plan under kvarandre på Majorstuen. Denne reguleringsplanen vart vedteken av bystyret i januar 2018.

Byrådet ba i 2021 om eit alternativt planforslag frå Sporveien. Alternativer til Ruters framlegg var ikkje tilstrekkeleg belyst, og Sporveien fekk derfor i oppdrag å utarbeide eit beslutningsgrunnlag for valg av endeleg løysing der anleggsgjennomføring var vektlagt.

Denne kronikken tar kortfatta for seg dei ulikheitene i anleggsfasen for dei ulike konsepta. Framstillinga er basert på sakspapir framlagt av Sporveien i "Oppstartsmøte Sørkedalsveien 13H".

— Byggetid med to plan tar sju år

Byrådet ga Sporveien i oppdrag å lage plan for omregulering av Majorstuen T-baneknutepunkt basert på at stasjonen byggast med fire spor på eitt plan under overflata, med grunn løysing for sportraseens kryssing av Frognerelva.

Forskjellar i dei to alternativa eitt plan og to plan: Eitt plan vil medføre to adskilte stasjonshallar med to spor i kvar. To-plansløysing vil få to etasjar med to stasjonshallar over/under kvarandre.

Byggetid vil vere lengre med to-plansløysing: sju år. Mot fem og eit halvt år for eitt plan. Opning av stasjonen vil kunne skje etter seks og eit halvt år med to plan. Mot fire år for eitt plan.

Stengeperiodane for T-banetrafikken vil vere lange med to-plansløysinga, opp mot 15 månader i begge T-bane-retningar samstundes, mens eitt plan vil gi kortare stengeperiodar 1 mnd + 1 mnd (1 og 1 spor, ikkje samstundes).

Plattformane vil bli breiare for publikum med eitt-plansløysinga enn den i to etasjar. Det må byggast midlertidig stasjon for t-banedrifta som skal brukast i tre og eit halvt år i to-plansløysinga. Dette er det ikkje behov for i eitt-plansløysinga.

Eitt-plansløysinga gir større muligheiter

Fornebubanen vil kunne koplast på etter seks og eit halvt år med to plan, mot fire år med eitt plan.

Volvatsvingen (som blir direkte forbindelse frå Fornebu-Skøyen-Blindern og vidare på ringbanen, ikkje innom Majorstuen) vil kunne opne etter tilsvarande tider. Eitt-plansløysinga gir større muligheiter for fleksibilitet aust for stasjonen (inn i fellestunnelen mot Nationaltheatret) med fleire tog og avvikssituasjonar kan løysast betre enn ved to-plansløysinga.

Forskjellar for park-området: Parkanlegget mot vest vil bli noko betre med to-plansløysinga enn den med eitt plan, bl.a. vil gjenopninga av Frognerelva komme meir opp i dagen i eit litt lengre strekke.

Denne vil likevel ikkje framstå særleg parkmessig og heller ikkje som naturleg villnis, då den er planlagt bygd i tilfelle 1000-års flom i den delen som går i dagen, og dette vil nok framstå som kraftige vollar av stein eller det materialet som vert valgt.

— Store inngrep i trafikkavvikling for bilistar

Frognerelva vil i eitt-plansløysinga gå delvis i kulvert under spor og delvis i dagen. Elva vil stort sett framstå som ein liten bekk langt nede i eit kraftig oppbygd vollsystem som ikkje vil likne på elva slik den går oppe langsmed Sognsvannsbanen, der den framstår som liggande i villnis-natur.

Det blir gang- og sykkelvegar gjennom dette parkområdet.

Forskjellar ved anleggsarbeidet: Byggegropa vil vere ganske trang i to-plansløysinga, noko vidare i den med eitt plan. I eitt-plansløysinga vil Kirkeveien (mellom Valkyriegata og Bogstadveien) bli oppgravd. I to-plansløysinga vil heile Valkyriegata og delar av Slemdalsveien bli oppgravd.

Dette vil medføre store inngrep i trafikkavviklinga for bilistar i området og gjennom ring 2, og for handelsstanden i aktuelle gater. Det ser ut til at trikken i Bogstadveien vil sleppe unna driftsstans. I eitt-plansløysinga vil det bli eit noko større behov for refundamentering av enkelte bygg på begge sider av Kirkeveien, enn i to-plansløysinga der refundamenteringsbehovet er noko mindre, men det blir noko langs Valkyriegata.

Enkelte einebustader oppe ved Thaulows gate må fjernast, men dei fleste kan reetablerast. Færre bustader må fjernast i to-plansløysinga. Bygge- og anleggsstøyen vil bli meir dominerande, og vare over fleire år, ved to-plansløysinga, enn med eitt plan.

— Rigg kan absolutt ikkje stå på Tørteberg

Rigg for byggeoppdraget vil bli etablert på Sporveiens arealer i eitt-plansløysinga, mens to-plansløysinga tar kunstgrasbana ved Chateau Neuf (som er i bruk av Frigg og andre fotballklubbar i området) til bruk for riggen.

Sporveien skriv at det kan bli aktuelt med enkelte inngrep i bebyggelsens første etasjer, for framføring av T-bane under bygningane. Dette gjeld Majorstuhuset og kvartalet der Vinkelgården ligg.

Diskusjonen i Frogner bydelsutvalg gjekk stort sett på dei framførte punkta (over) og spesielt fokus hadde bydelsutvalget på plassering av rigg under byggetida.

Venstre og Frp meinte at riggen kunne plasserast ute i ei gate, som likevel skulle stengast i byggeperioden - for eksempel ta ein del av Slemdalsveien - mens fleirtalet ikkje meinte noko om akkurat det.

Heile BU sa nei til rigg på Frigg-feltet, og ba om at riggen absolutt ikkje kan stå på Tørteberg.

Bydelsdirektøren hadde lagt fram ei innstilling om at "Majorstuen stasjon bygges med to plan da dette fremstår som det mest fremtidsrettede alternativet. Dette vil gi bedre kvaliteter i park og der Frognerelven åpnes i bylandskapet."

Innstillinga til bydelsdirektør gjekk gjennom, med 13-2 stemmer, der Venstre og Framstegspartiet var dei to i mot. Venstre la fram eit alternativt forslag, om å støtte eitt-plansløysinga som Sporveien no har utarbeida.

Powered by Labrador CMS