– Handikapforbundet og alle byens bevegelseshemma forventer at HC-parkering blir prioritert. På bildet er byråd Lan Marie Berg og Magnhild Sørbotten, fra Handikapforbundet.
– Respekten for bevegelseshemma sin rett til å bruke byen har svikta ein plass
Gangevna til spreke byrådssekretærer kan ikkje ligge til grunn for kva som er akseptabel avstand for handikappede til parkeringsplasser.
Parkeringssituasjonen for folk med parkeringstillatelse for bevegelseshemma (HC-kort) har blitt betydeleg verre, til tross for at det det siste året har blitt fleire dedikerte HC-parkeringsplassar innanfor Ring 1. Konsekvensen er utanforskap og ekskludering.
VårtOslo peikar på eit viktig faktum; det blir fjerna dedikerte HC-plassar i Oslo sentrum, utan at det samtidig kjem erstatningsplassar som kan dekke behovet i det same området.
Folk med HC-parkeringstillatelse kan bruke ordinære kommunale parkeringsplassar på same vilkår som dei brukar HC-plassane. Derfor har dei kommunale parkeringsplassane fungert som ein buffer og kompensert for både mangel på HC-plassar og for lang avstand mellom HC-plassane. Dette veit byrådane, byrådsavdelinga og bymiljøetaten svært godt.
Berg og Marcussen tilbyr for få parkeringsplassar
Fjerninga av dei ordinære kommunale parkeringsplassane er ei utløysande årsak til at mange bevegelseshemma no rapporterer at dei ikkje kan delta i bylivet på same måte som før eller får problem med å komme seg på kino, teater eller den faste legespesialisten med kontor i sentrum. Handikapforbundet har vore tydeleg på at vi minimum må ha ei dobling av antall HC-plassar innanfor Ring 1, og plassane må fordelast utover.
Opp til totalt 130 HC-plassar, som Lan Marie Berg og Hanna Marcussen tilbyr, er rett og slett for lite. Også den eksterne konsekvensutredninga for ”Områdereguleringplanen for sentrum” problematiserer mangel på HC-plassar og viser blant annet til øvre Karl Johan – området der det nettopp er fjerna tre plassar.
Ingen får kasta HC-kort etter seg, sjøl folk med tilnærma ingen gangevne risikerer å få nei når dei søker. Vår erfaring er at folk som kan gå lenger enn 100-150 meter får avslag på søknaden. I tillegg skal man trenge ”særlige parkeringslettelser” i forbindelse med arbeid, studier, eller aktiviteter.
Skal gangevna til spreke byrådssekretærer ligge til grunn?
Med bakgrunn i det ovannemnde er det oppsiktsvekkande når byrådssekretær Kari Anne Isaksen uttaler til ”VårtOslo” at ”det innenfor en radius på omtrent 200 meter fra Rådhuset nå er 25 handikapplasser”, men seier ikkje at dette er i luftlinje.
Alle veit at forskjellen på luftlinje og gangavstand kan vere ganske stor, også i ein by. Folk flest, også bevegelseshemma, beveger seg på bakken, og vi må, som alle, gå rundt bygningar og andre hindringar. For eksempel blei plassane som ligg vegg i vegg med Rådhuset, i juni, målt til å ligge ca 160 meters gange frå hovedinngangen på Rådhuset. For dei plassane som ligg lengst unna i Isaksens 200-meterssone er gangavstanden truleg nærmare 500 meter.
Eg minner igjen om at den gruppa som skal bruke HC-plassane normalt ikkje kan gå lenger enn 100-150 meter, då kan det ikkje vere gangevna til spreke byrådssekretærer som skal ligge til grunn for kva som er akseptabel avstand.
Dei som treng plassane blir utestengt frå bylivet
Marcussen og Berg påpeiker i sitt tilsvar at det i arbeidet med Bilfritt Byliv har vore utstrakt dialog med ulike grupper og organisasjoner, blant annet Handikapforbundet. Det er heilt riktig. Men slike møter har liten verdi om det vi blir einige om ikkje blir fulgt opp.
Vi hadde ein avtale med Bilfritt Byliv/bymiljøetaten om at dersom HC-plassar måtte flyttast/fjernast, skulle Handikapforbundet vite om det, nettsidene til kommunen skulle ha oppdatert informasjon, og ikkje minst skulle plassane erstattast. Som normalt oppdaga vi tilfeldigvis at HC-plassane på Karl Johan var fjerna, plassane står fortsatt som permanente og tilgjengelege på nettsidene til kommunen, ingen erstatningsplassar er på plass, ja kravet om erstatningsplassar måtte faktisk igjen reisast av Handikapforbundet.
Dette viser med all tydelegheit at bevisstheita på og respekten for bevegelseshemma sin rett til å bruke byen har svikta ein plass. Konsekvensen for dei som treng plassane er mindre tilgjengelegheit og utestenging frå bylivet. Mange har også resignert og konkludert med at det ikkje er vilje til å la dei delta.
Vi forventer at HC-parkering blir prioritert
Eg er glad for at Marcussen og Berg seier at å gjere byen tilgjengeleg for bevegelseshemma er ei hjertesak. Eg er glad for at dei seier at tilgjengelegheita skal aukast på kollektivtransporten. Men politikk er å ville, politikk er å prioritere, politikk er å gi klare og tydelege signal til dei som skal utføre.
Eg, Handikapforbundet og alle byens bevegelseshemma forventer derfor at HC-parkering blir prioritert, vi forventer at det blir laga eit nett av mange nok HC-plasser som er tilpassa den gangevna brukarane har, vi forventer at tilgjengelegheita på t-banen blir opprusta, slik at fleire rullande kan ta kollektivt og bidra til ein bilfri by. Vi forventer å bli inkludert – ikkje ekskludert!