DEBATT

Eg vil rope eit høgt og tydeleg NEI til å sette den «the old Lion» Churchill framfor Stortinget, sier Sigrid Heiberg.

– Er det riktig å ha Churchill på pidestall?

Kor e alle heltar hen? Det er i alle fall ganske tvilsomt om du finn nokon på sokkel på Solli Plass i Oslo.

Publisert

Debatten raser no over maleri i bystyresalar, om navnet på bydelen Møhlenpris i Bergen og om statuen av Churchill her i Oslo. Nokre meiner det er autoritær identitetspolitikk, nokre meiner me importerer amerikanske kampar som ikkje er våre å kjempe, medan atter andre meiner det er ein avsporing av den viktige debatten om rasisme.

Eg meiner ikkje det er ein avsporing. Eg meiner det er ein nyttig, om enn bitteliten del av den store og vonde jobben me må gjere som samfunn, for å ta innover oss at strukturell rasisme finnast rundt oss på alle kantar, også her på berget.

Ingen mann er ei øy, og alle menneske er samansatte og komplekse. Det må også diskusjonane våre vere.

Ein uttalt rasist

Var Churchill ein historisk og viktig statsleiar? Ja visst. Var han ein strålande god talar og skribent? Yes, sir! Spelte han ein viktig rolle under 2. Verdskrig, med å nedkjempe nazismen? Ja, utan tvil.

Men Churchill var, som fleire har påpeikt, også ein uttalt rasist. Som han sjølv sa i 1937: "I do not admit for instance, that a great wrong has been done to the Red Indians of America or the black people of Australia. I do not admit that a wrong has been done to these people by the fact that a stronger race, a higher-grade race, a more worldly wise race to put it that way, has come in and taken their place."

Det var mange andre som meinte som Churchill på denne tida. Men langt frå alle, i desse spørsmåla var han i utakt med si tid, og det er uansett ingen unnskyldning.

Med rasismen følger frykt og traumer

Når Høgre-politikarar synast debatten om rasisme er vanskeleg, og Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum blir «skremt» av desse «fundamentalistiske» forslaga frå blant anna Grønn Ungdom, om å fjerne statuen av Churchill og andre, så er det forståeleg. For det gjer litt vondt å måtte ta innover seg at dine gamle heltar ikkje var så kule. Det er vondt OG vanskeleg å innsjå at ein sjølv, og eins eigne haldningar og handlingar kanskje er ein del av problemet.

For veit du kva som er mykje vondere, og mykje meir skremmande enn å ville fjerne ein statue, Trygve? Strukturell rasisme. Vold. Folkemord. Kolonialismen og all lidinga den har ført med seg og framleis fører med seg.

Den såkalla «kvardagsrasismen», som fører med seg frykt, traumer og potensiell fare for den som opplever den, er også mykje vondare for dei som blir utsatt for den, enn det er vondt for nokre av oss kvite nordmenn som no blir bedne om å oppdatere språket vårt litt eller flytte på ein statue ut av respekt for våre medmenneske. Rasismen blir ikkje mindre rasisme av at du opplever den kvar dag! Tvert om.

Lot tre millioner dø

For når Slagsvold Vedum avfeier kritikken med at «historiske personer må forstås ut ifra den samtiden de levde i», og tek til orde for å sette Churchill på «en enda mer sentral plass i Oslo», gjerne foran Stortinget, så seier han også indirekte at konsekvensane av dei rasistiske haldningane til Churchill ikkje egentlig var så ille.

Og la oss minne oss sjølv om nokre av dei blodige konsekvensane Churchill sin rasisme hadde. For afghanarar, etiopiarar, og mange andre. Verst gjekk det truleg utover befolkinga i Bengal.

Churchill var alltid ein motstandar av å gje slepp på India som koloni og såg på befolkninga der som skitne folk som «formerer seg som kaniner». Då hungersnød braut ut i 1943, insisterte Churchill på å halde fram med å eksportere ris derfrå.

Kveite frå Australia, som kunne ha brødfødd befolkinga i Bengal, blei heller sendt vidare til lagring i Europa. Over tre millionar menneske døydde. TRE MILLIONAR MENNESKE. Det var og er så ille.

Det er ikkje rart at mange oslo-folk med indisk opphav får vondt i magen av å gå forbi ein statue av mannen som kjempa knallhardt for å beholde landet deira som koloni og som såg ned på dei som mindreverdige menneske.

Var Churchill aleine ansvarleg for alle desse døde menn, kvinner og barn? Nei. Er verda kompleks og alle menneske samansette? Ja. Er det «symbolpolitikk» å fjerne statuar og monument? Ja, visst.

Djupt problematisk sider

Men symbol betyr noko. Det handlar om representasjon, om historia vår, om kva for side av fortellinga som blir fortalt. Om kven som er meint å føle seg velkomne ein stad, om kven som høyrer til, og kven som blir lytta til.

Det er jo nettopp difor så mange politikarar frå Høgre, Frp og Sp hissar seg sånn opp over dette. Det handlar ikkje først og fremst om at dei er så glade i ein eller anna statue. Det handlar om at dei ikkje egentleg er interesserte i å høyre dei andre historiane. Dei vil halde fram med å late som at dei gamle framleis veit best, og at fortellingene til kvite menn er viktigare enn andre sine fortellingar.

Men det er dei ikkje. Dei er ikkje viktigare, og dei er ikkje dei einaste sanningane. Det er på tide å la andre stemmer sleppe til. Det er på tide å løfte fram andre heltar og heltinner. Det er på tide å ta innover oss at også Norge har djupt problematisk sider, og at rasismen og sexismen og mange andre ismer framleis gjennomsyrer samfunnet vårt.

Gater og plasser er oppkalla etter menn

Til dei som er så redde for at nokon vil «viske ut historia»: me vil ikkje det! Me vil berre utvide den. Me vil gjere den rikare, me vil fargelegge den. Me vil ikkje «utslette alt som er ubehageleg», me vil diskutere det, få det fram i lyset! Kor mykje tid har norsk offentlegheit brukt på å diskutere Ludvig Holberg sin rasisme og delaktigheit i slavehandel før juni 2020? Om du aldri har løfta desse problemstillingane sjølv, så bør ein vokte seg for å dømme dei som no tar debatten.

Eg er stolt over at bystyret i Oslo har vedteke at kvinner no skal prioriterast i namngivinga av gater og plassar framover. Kvinner har aldri vore ein minoritet i dette landet, likevel er kun omlag 100 av Oslo sine mange gater, vegar og plasser oppkalla etter kvinner, medan omlag 750 er oppkalla etter menn. Og er det ikkje på tide med gatenamn og statuar av folk med rikare hud enn min, som betre representerer det mangfoldige samfunnet me er og vil vere?

Det er flott at me har ei statue av krigshelten Kjakan på Karl Johan, men kva med ei statue av Katti Anker Møller også? Alle liva til barn og mødre ho har redda, alle modige kampar ho stod i, det er også noko verdt å minnast.

Kanskje burde Johanne Zhangjia Ihle-Hansen, som blei skoten og drept i eit rasistisk mord i fjor, bør få ein plass i Oslo kalla opp etter seg?

Snublesteinane til minne om norske jødar som blei drept i Holocaust er ei viktig påminning i kvardagen, for oss som traskar rundt i Oslos gater. Men kvar er monumenta over samane, kvenane, sigøynarar, tatarar og andre historiske minoriterar som har blitt utsatt for forfølging og overgrep frå norske myndigheiter? Og som framleis opplever stigmatisering i dag?

Eg elskar Rudolph Nilsens Plass, til minne om den store arbeiderdiktaren, men om hundre år håpar eg me også har ein Camara Lundestad Joofs plass.

Barna må lære

Eg meiner ikkje nødvendigvis at statuen av Churchill bør fjernast, men det er mange av våre gamle heltar som bør ned frå pidestallen - i overført betydning. Barna våre må begynne å lære om denne delen av historia på skulen, og me vaksne må tørre å ta dei ærlege diskusjonane, sjølv om dei er ubehagelege. Ved statuen på Solli Plass bør det som eit minimum settast opp informasjonsskilt som informerer om dei problematiske sidene ved den gamle imperialisten.

Og eg vil rope eit høgt og tydeleg NEI til å sette den «the old Lion» Churchill framfor Stortinget, som Sp-leiaren foreslår. Der vil eg tusen gonger heller ha den nye løva: Iselin Shumba. Ein statue av den sterke kvinna, miljøaktivisten og antirasisten som representerer viktige stemmer i VÅR tid, som kvar mandag det siste året har demonstrert på Eidsvolls Plass, sittande i stillheit for klima.

Eller kva med ein statue av ei slammande, rasande Guro Sibeko, som set skapet på plass.

Sibeko-statuen, rett framfor Stortinget, til minne om starten på ein norsk, medmenneskeleg revolusjon. Det hadde vore noko.

#OsloForBlackLivesMatter

#BlackLivesMatterNorway

Powered by Labrador CMS