DEBATT

Ole Svarthumle er redd for at nedleggelse av skolen vil ødelegge nærmiljøet.

Meiner verkeleg Oslo kommune at skolenedlegging styrkar nærmiljøet?

I Groruddalssatsinga står det at ein skal styrke nærmiljøet. Meiner verkeleg Oslo kommune at skolenedlegging styrkar nærmiljøet? Tida er inne for å slå ring om Skjønnhaug skole.

Publisert

Framtida til Skjønnhaug skole på Lindeberg er lagt ut på høyring, og skjebnen til eit lite lokalsamfunn i Groruddalen er med eitt usikker. Informasjonen er sparsom, det er vanskeleg å vite kva planar utdanningsetaten faktisk har med skolen vår, men vi må gå ut frå at høyringa er eit første steg mot å legge ned Skjønnhaug skole. Det vil vere eit enormt feilgrep.

I Groruddalen er det få møteplassar der innbyggarane kan knyte seg til kvarandre. Vi har ingen kulturhus eller grendahus, mange stader knapt nok ein kafé. Skolen er limet i nærmiljøet og i mange tilfelle vårt einaste felles referansepunkt.

Det er gjennom skolen vi blir kjent med kvarandre. Her feirar vi 17. mai, organiserer natteravning, går på fritidsaktivitetar og møtest i sosiale samanhengar. Mekanismen er like enkel om det er i Groruddalen eller på ei øy i Troms: den dagen skolen blir borte, er den dagen lokalsamfunnet begynner å forvitre.

Frykter sosial ørken

På direkte spørsmål har utdanningsetaten svart at ved ei nedlegging vil elevane bli fordelt mellom Jeriko skole og den planlagte nye Trosterud skole på Haugerud. Konsekvensen av dette er at strekninga frå Lindeberg til Trosterud blir ein sosial ørken, foreldreinvolvering vil smuldre bort, og vi sit igjen med to store og sentraliserte skolar med ein død soveby mellom.

I Groruddalssatsinga står det at ein skal styrke nærmiljøet. Meiner verkeleg Oslo kommune at skolenedlegging styrkar nærmiljøet? Tida er inne for å slå ring om nærskolen.

Powered by Labrador CMS