Tidligere byråd, Hallstein Bjercke (V), og dagens næringsbyråd, Geir Lippestad, skal granskes i forbindelse med Boligbygg-saken.

— Boligbygg-saken: stort men ikkje størst

Publisert

Det er tragikomisk å sjå og høyre nokre av Høgre- og FrP-kommentarane til det som blir kalla Boligbygg-skandalen.

Dette er den «potensielt største» skandalen, seier Øystein Sundelin, som er nestleiar i finanskomiteen.  «Hvordan kunne det skje»? spør Carl I. Hagen (FrP).

Kanskje har dei begge glømt korleis FrP sørga for at byrådet frå Høgre, KrF og V i si tid fikk knapt bystyrefleirtal for eit billigsal av 1 700 personalboligar ved sjukehusa. Dette bystyrevedtaket  ga bissnissmannen Ivar E. Tollefsen (i dag Fredensborg-konsernet) ein gevinst på nær 1,5 milliardar kroner.  For Høgre og samarbeidspartnarane var dette «bissniss as usual.»

Boligbygg-skandalen vil vokse

Rødt hadde den gongen eit godt samarbeid med AP og SV for å stoppe billigsalet. Men fordi FrP valde feil side, nådde vi ikkje fram.

Det blir interessant å sjå kva som blir avdekka i månadene som kjem. Eg vil tru at det som blir kalla «Boligbygg-skandalen», har forgreiningar som bør følgjast opp, både i det kommunale apparatet og blant private aktørar i eigedomsbransjen.

Kontrollutvalet i kommunen har vedtatt at kommunerevisjonen skal følgje nøye med på den private granskinga Deloitte utfører, og så gå grundigare og vidare til verks om det blir bruk for det. Byråd Lippestad (Ap), som er den ansvarlege byråden i dag, sa sjølv til Dagsnytt18 at han tar for gitt at kommunerevisjonen si gransking og skal omfatte hans eiga byrådsavdeling.

To byråder skal granskast

Og det er sjølvsagt at granskinga går tilbake til den såkalla Tøyen-avtalen, eller Munch-avtalen, mellom SV og det daverande Høgre-byrådet i mai 2013.  Det som skal granskast, er ikkje denne avtalen, men metodane  ulike byrådar og Boligbygg Oslo KF har brukt for å gjennomføre sin del av avtalen.

Daverande byråd Hallstein Bjercke (V) hadde det øvste politiske ansvaret for Boligbygg i 2013, 2014 og fram til oktober 2015.  Dei siste to åra har byråd Geir Lippestad (Ap) hatt det øvste politiske ansvaret. Dei skal nå begge granskast.

Powered by Labrador CMS