DEBATT

Lilly Kristin Langnes og tagging
Den jødiske minoriteten i Oslo er no særs utsett og fleire jødar kjenner på frykt for å uttrykkje sin identitet og ferdast i våre gater, sier Lilly Kristin Langnes.

– Trygt å vere jøde i Oslos gater

Tagginga vi har sett i Oslo dei siste dagane gjer jødane særs utsette. La vi som samfunn gje dei det vernet dei fortener.

Publisert

Forrige vekas nye taggingar på Holmlia og fleire andre stader i byen med ferske nazi-symbol er sterkt forurolegande.

Den jødiske minoriteten i Oslo er no særs utsett og fleire jødar kjenner på frykt for å uttrykkje sin identitet og ferdast i våre gater. Slik kan vi ikkje ha det.

Nører opp under hat

Vi lever i eit samfunn der det er rom for både å ytre seg fritt og demonstrere openlyst for ulike syn på saker, ein verdi vi aktivt skal hegne om og forsvare. Men når nazisymbol og taggingar i det offentlege rom blir retta mot ein konkret minoritet, som det å vere jøde, må vi som samfunn ta til motmæle.

Slike koplingar nører opp under hat og antisemittiske haldningar og bidrar til å byggje ned vårt trygge og frie samfunn der tillit og gjensidig respekt er grunnplanken.

Stå opp mot antisemittisme

Den pågåande krigen i Midtausten berører oss alle og humanitær hjelp må sikrast framkomst og sivile tap stoppast. Vi kan stå opp mot antisemittisme utan at vi stiller oss bak alt Israel gjer i si krigføring, og vi støttar deira rett til å få frigitt sine gislar og sikre vern mot Hamas.

Vi er forplikta på å byggje eit samfunn som gjer at alle skal kjenne seg trygge, minoritetar så vel som andre. Tagginga vi har sett i Oslo dei siste dagane gjer jødane særs utsette. La vi som samfunn gje dei det vernet dei fortener.

Powered by Labrador CMS