— To politimeistrar vart straffedømt eller bøtelagt etter at dei flytta inn på politihuset. Dei styrte Oslo-politiet i 19 år, skriver Erling Folkvord i sin nye bok.

Erling Folkvord i ny bok: – Personar med makt i Oslo-politiet har haldi handa si over utvalde kriminelle

— Dei to som i 19 år styrte handhevinga av lov og rett i hovudstaden har eit fellestrekk. Begge politimeistrane må ha sett på seg sjølv som litt heva over loven. Da er det kanskje ikkje så rart at det av og til gjekk dårleg med handhevinga av lov og spelereglar?

Publisert

Oslo er det største politidistriktet i Norge. Skaden kan bli stor viss ukultur får fotfeste hos små eller store sjefar der. To politimeistrar vart straffedømt eller bøtelagt etter at dei flytta inn på politihuset. Dei styrte Oslo-politiet i 19 år.

Fakta

Tidligere stortingsrepresentant og bystyremedlem for Rød Valgallianse, Erling Folkvord, har gitt ut boken Det var ikkje berre Eirik Jensen: om polititoppar og ukultur, en kritisk og systematisk gjennomgang av toppsjiktet i Oslo-politiet de siste 30 årene. Følgende tekst er et utdrag fra boken.

Tok dei for lett på hovudoppgåva? Dei skulle jo gjere byen trygg og sørge for at loven er lik for alle.

I sju kapittel skal eg vise eksempel på tvilsamt leiarskap. Politiet er som andre etatar og bedrifter: Ukulturen kjem frå toppen og sildrar nedover.

Ein visepolitimeister gjekk i 1998 ut over fullmaktene sine. Han slapp fri ein mistenkt og stansa etterforskinga av drapsforsøket mot forlagssjef William Nygaard. To politimeistrar heldt dette hemmeleg heilt til tenestefeila hans var forelda. Hausten 2020 gjekk han av med pensjon og reint rulleblad.

Politimeistrane har aldri sagt korfor dei behandla denne visepolitimeisteren som verneverdig. Han som skaut Nygaard er framleis på frifot.

Kan det gå bra når lovbrytarar styrer handhevinga av loven?

Det du har lesi hittil, handlar ikkje om politifolk flest. Slik blir det i fortsettinga òg. Eg skriv om personar med makt på Politihuset i Oslo og det systemet dei er ein del av. Det strekker seg frå småsjefar i politiet og opp til justisministeren.

Boken handler ikke om Eirik Jensen-saken, men om ukulturen som ga Jensen spillerom.

Samspelet mellom personlege feil og systemfeil er viktig. Dette gjeld alltid. Politimeister Anstein Gjengedal passerte ei grense i 2007. Oslo tingrett dømte han for brot på personopplysningsloven. Eller kanskje Gjengedal berre flytta litt på grensa for det både politidirektør og justisminister godtar?

Fleire spørsmål krev svar: Kan alvorleg og langvarig svikt i politileiinga ha anna årsak enn tilfelle eller ressursmangel? Kanskje det nokre gonger ikkje er tilfeldig at både politi og påtalemakt ser vekk? Kan det hende at nokre av dei som handhevar loven, til og med trør til på feil side? Kan det også på Politihuset vere nokon som driv «butikk i butikken»? Eller nokon som gir uformelle ordrar om at visse lovbrot skal underordna ikkje bry seg med. Kan sjefar pålegge politifolk å bryte loven? Kan det hende at sjølvaste politidirektøren eller politikarar på det høgaste nivået berre let dette skure og gå?

Slike problemstillingar er og aktuelle i den såkalla «Jensen-saka». Samarbeidet mellom politimannen Eirik Jensen og Gjermund Cappelen starta i 1993. Willy Haugli var da politimeister i Oslo. Da Politidirektoratet vart oppretta i 2001, hadde Eirik Jensen i nesten åtte år vori informant-behandlar for hasjsmuglaren.

Dette er nokre av inntrykka eg sit att med etter at eg i fleire år har samla materiale til denne boka:

– Personar med makt i Oslo-politiet har haldi handa si over utvalde kriminelle.

– Skiljet mellom lovbrytarar, politi og politikarar er nokre gonger utydeleg.

– Politikarar grip helst ikkje inn mot påståtte feil i politileiinga. Dei gjer ikkje det, sjølv om folket har vald dei til å styre, føre tilsyn og rydde opp når det er nødvendig.

Politiet har nesten uendelege oppgåver

Mange av oss har erfaringar med politiet. På godt og vondt: god eller dårleg hjelp til ungar som er nær ved å hamne på skråplanet. Trafikkulykker. Innbrot. Overfall eller veskenapping. Bil- eller sykkeltjuveri. Valdtekt og seksuell trakassering. Rasisme …

Politifolk må ikkje så sjeldan stille opp der ansvarlege i psykiatri og sosialtenester ikkje gir nødvendig akutthjelp. Som sosialarbeidar møtte eg politifolk i slike situasjonar. Eg var ikkje stolt over å overlate til politiet menneske som sosial- eller helsevesen burde ha tatt seg av.

Politiet sine oppgåver er nesten uendelege. Mange meldingar blir lagde vekk heilt summarisk. Ikkje nok opplysningar til å finne gjerningspersonen er ei vanleg grunngiving. Manglande etterforskingskapasitet er ei anna. Dei som leier etterforskinga må velje kva saker dei skal ta fatt i.

Politiet legg og vekk store og små saker der etterforskarane meiner at meldaren har funni den skyldige. Både kvitsnippforbrytarar og andre slepp etterforsking og straff sjølv om etterforskar og politiadvokat gjerne vil stille dei for retten.

18. januar 2018. Statsminister Erna Solberg (H) tar inn Sylvi Listhaug (FrP) som ny justisminister. Ho overtar etter partifelle Per-Willy Amundsen som ville granske «kultur og ledelse» i Oslo-politiet.

1994: Stortinget sette munnkorg på granskingskommisjon

Det første året eg var på Stortinget, lærte eg noko nytt. Stortingsfleirtalet vedtok at nokre av politiet sine lovbrot skulle haldast hemmeleg. Hausten 1993 var eg med i Spesialkomiteen som utarbeidde Stortinget sitt oppdrag til kommisjonen som skulle granske dei hemmelege tenestene. Juristane i stortingsadministrasjonen gjorde solid førearbeid. Komitéarbeidet gjekk roleg for seg.

Alle ville at høgsterettsdommar Ketil Lund skulle leie granskinga. Alle ville at kommisjonen skulle avklare om dei hemmelege tenestene hadde bryti norsk lov. Folket skulle få fakta på bordet.

Så viste det seg at det breie fleirtalet i Stortinget likevel ikkje ville at kommisjonen skulle omtale alle slags lovbrot. Granskarane skulle halde kjeft viss offentleggjering av eventuelle lovbrot i Norge kunne skade framtidig nært og intimt samarbeid mellom norske hemmelege tenester og liknande tenester i andre land.

Nokre av dei mest aktuelle var amerikanske CIA, britiske MI 6 og israelske Mossad. «Det er slik det skal være,» sa parlamentarisk nestleiar Tom Thoresen i Arbeidarpartiet på eit av dei siste møta i Spesialkomiteen.

I stortingssalen vart eg den einaste som gjekk imot at den slags intimitet med Mossad og CIA er viktigare enn å avdekke alle lovbrota til overvakingspolitiet og den militære etterretningstenesta. Stortinget ga kommisjonen munnkorg. Dette var 20 år etter at eit Mossad-team likviderte ein kelner på Lillehammer.

Maleri av Ingelin Killengreen som var politimester i Oslo 1995-2000 og etterfulgte Willy Haugli. Deretter var hun politidirektør 2001 - 2011.

Ein månad etter at eg vart valt inn på Stortinget, skaut ein person mot forlagssjef William Nygaard og klarte nesten å drepe han. Journalist Odd Isungset har i meir enn 25 år dokumentert både svikt og irregulære forhold i etterforskinga.

Dei alvorlegaste feila vart gjort i dei åra Willy Haugli og Ingelin Killengreen styrte politiet i Oslo.

Som sosialarbeider på Avrusningsstasjonen og seinare ute på gata i Oslo møtte eg i over 30 år politiet både titt og ofte i jobbsamanheng. Eg såg ei forandring i løpet av desse åra. Stadig fleire av politifolka viste respekt for menneske som lever nederst i samfunnet. I same perioden vart ein del av det som skal vere sosialt hjelpeapparat, meir kynisk og mindre opptatt av menneskeverd.

Møte i Stortingets justiskomite. Skal vi ta ansvar: Frå venstre: Jan Bøhler (Sp), Per-Willy Amundsen (FrP), komitéleiar Lene Vågslid (Ap), Jonas Gahr Støre (Ap) som er gjest i dette møtet, og Petter Eide (SV).

Betre politifolk og dårlegare organisering

Gjennomtrekken er stor blant etterforskarane og juristane ved Seksjonen for økonomi- og spesialetterforsking på Politihuset i Oslo. Denne avdelinga vart tidlegare omtala som Finans- og miljøkrim. Situasjonen vart ikkje betre etter at «NAV-sakene» frå heile Oslo vart sentralisert til denne seksjonen. Beskjeden frå toppen var at kvar einaste slik sak skulle prioriterast høgt. Det saksfeltet blir ikkje enklare når det over heile landet er påvist at mange vart feilaktig dømt.

Organiseringa eller oppbygginga av Oslo-politiet har vorti endra fleire gonger i perioden eg skriv om. Folk på innsida har fortalt meg om kva ulike organisatoriske grep har ført med seg, på godt og vondt.

Våren 2015 lanserte statsminister Erna Solberg dei største og mest skadelege endringane av norsk politi. Marknadsføringsnamnet var villeiande: Nærpolitireformen. Omtrent som ein langar som sel dårleg heimebrent med merkelappar som garanterer at det er skotsk whisky av beste merke. Anders Anundsen (FrP), som var justisminister, kunne i 2015 gle seg over at Arbeidarpartiet vart med på laget som ga han fullmakt til å lage nærpoliti.

Oslo tingrett dømte politimeisteren

Både som meldar og som vitne har eg fleire gonger opplevd grundig og iherdig politiarbeid. Slike opplevingar har vori oppmuntrande. Personleg er eg av dei heldige som har hatt mest positive erfaringar med fotfolk og etterforskarar i Oslo-politiet.

Eg har og møtt Oslo-politiet på høgare nivå. I det kommunale politiutvalet svara politimeister Anstein Gjengedal på spørsmål eg stilte etter at Oslo tingrett i 2007 dømte han for brot på personopplysningsloven.

Oslo tingrett dømte Gjengedal personleg fordi han let NRK1 sende politiet sine usladda videopptak frå «Plata» ved Oslo S. Politiet hadde i mange år video-overvaka eit område der narkomane heldt til. Datatilsynet godkjende overvakinga, men ga aldri politimeisteren lov til å legge ut slike opptak på TV i beste sendetid.

Fleire personar var lette å kjenne igjen for naboar, venner, familie og andre. «Vi såg faren din på TV i går», sa leikekameratar til ein liten pjokk da han kom til barnehagen dagen etter TV-sendinga. Politimeisteren – som tidlegare var sjef i Økokrim – braut ein lov retten meinte han måtte vere godt kjent med.

Oslo tingrett slo fast at politimeisteren i hovudstaden «handlet forsettlig eller grovt uaktsomt». Gjengedal måtte betale oppreising med 50 000 kroner og ei bot på 10 000 kroner – subsidiært ti dagar i fengsel.

I møtet i politiutvalet fekk eg inntrykk av at politimeister Gjengedal meinte dommen var lite å bry seg om. Dei andre politikarane i utvalet sa ikkje eit ord. Ein straffedømt mann styrte handhevinga av loven i hovudstaden i dei neste fem åra. Anstein Gjengedal gjekk av som politimeister i 2012.

«En ren vennetjeneste,» sa PST-sjef Hans Sjøvold

Hans Sjøvold tok over. Han hadde vori rektor på Politihøgskolen og kom no frå stillinga som ekspedisjonssjef i politiavdelinga i Justisdepartementet. Da han rydda kontoret på Politihøgskolen, tok han med seg to revolverar og ein pistol som han hadde oppbevart ulovleg. Berre to av våpena var oppført i Våpenregisteret.

Våpena hadde tilhøyrd ein losjebror i Odd Fellow. Våpeneigaren og Sjøvold var med i den same losjen. Sjøvold overtok våpena etter at vennen døydde i 2008. Sjølv sa PST-sjef Sjøvold at dette var «en ren vennetjeneste». Da VG stilte spørsmål, reduserte Sjøvold alvoret i saka med ei lita løgn:

VG: Oppbevarte du våpnene i et godkjent våpenskap etter våpenforskriften?

PST-sjef Hans Sjøvold: Jeg har oppbevart våpnene i godkjent skap, ja. Det har ikke vært noen ulovligheter her.

Å ljuge seg vekk frå lovbrot kan på kort sikt kjennast like godt som om du ein kald vinterdag pissar i buksa for å halde varmen. Om du etterpå møter iskald motvind, innser du truleg at det ikkje var så lurt.

I Sjøvold sitt tilfelle kom motvinden frå Spesialenheten for politisaker. Dei etterforska PST-sjefen og slo fast at Sjøvold «ikke oppbevarte skytevåpnene forsvarlig nedlåst i godkjent sikkerhetsskap».

I varetektscella fekk heroinavhengige Gjermund Cappelen (til venstre) i mars 1993 eit informant-tilbod han ikkje kunne seie nei til. Eirik Jensen (til høgre) vart informantbehandlar. I bakgrunnen: Iver Stensrud (til venstre) og narkotikasjef Roger Andresen.

På sett og vis er det forståeleg at han braut loven. Underordna i Justisdepartementet ville kanskje ha stilt spørsmål viss nytilsette ekspedisjonssjef Sjøvold hadde bestilt våpenskap til kontoret sitt. Da han vart politimeister i Oslo, tok Sjøvold med seg våpena til det nye kontoret sitt på Politihuset.

2. juni 2020 konkluderte Spesialenheten under tvil med at PST-sjef Sjøvold skulle sleppe unna med ei bot på 50 000 kroner.

Alternativet var tiltale med påstand om fengselsstraff. Rett skal vere rett. Eg likestiller ikkje desse kriminelle handlingane. Sjøvold brukte ikkje våpena. Ingen person vart skadelidande. Tidlegare politimeister Anstein Gjengedal spreidde sensitive personopplysningar landet rundt. Han krenka enkeltpersonar og laga trøbbel for ungar som hadde det vanskeleg nok frå før.

Dei to som i 19 år styrte handhevinga av lov og rett i hovudstaden har likevel eit fellestrekk. Begge politimeistrane må ha sett på seg sjølv som litt heva over loven. Da er det kanskje ikkje så rart at det av og til gjekk dårleg med handhevinga av lov og spelereglar for politiet sitt eige arbeid?

Avdelingsdirektør Ellen Kathrine Hætta i Politidirektoraret åpna ikkje for den slags: «Regelverket er klart og gjelder for alle, også for politimestre,» sa ho da Spesialenheten slo fast at PST-sjef Sjøvold hadde bryti våpenloven.

Mange står att utan rettferd

Både du og eg kan bli frustrert når politiet legg vekk ei sak vi melder. Da bør vi hugse på at politiet skal legge vekk ei straffesak viss dei ikkje over einkvar rimelig tvil kan bevise at den mistenkte har bryti loven. Det hjelper lite om etterforskarane er sikre på at mistenkte er skyldig. Saka skal leggast vekk viss politi- eller statsavokaten meiner at bevisa ikkje vil halde i retten.

Forsvararar utnyttar sjølvsagt dette. Ein forsvarar treng ikkje bevise noko som helst. Det er nok om ho eller han reiser tilstrekkeleg tvil om bevisa som politi- eller statsadvokaten legg fram. Store kvitsnippforbrytarar kan, til skilnad frå politiet, ha ubegrensa tilgang til hjelparar som kan kjøpast for pengar. Enkelte kan betale millionbeløp til advokatar, revisorar og andre.

Dette omsynet til rettssikkerheita betyr at mange skyldige går fri. Offera står igjen utan rettferd. Dette er ein del av kvardagen når politiet møter valds- og kvitsnippforbrytarar og offera som dei har skada. Vi kan håpe at dei strenge beviskrava gjer sitt til at færre uskyldige blir dømt.

Dei fleste utfører vanskeleg arbeid på ærleg vis

I arbeidet med denne boka har eg møtt mange som rettar hard kritikk mot Oslo-politiet. Dei fleste seier ikkje at alt berre er svart eller kvitt. Dei er einige når eg hevdar at politifolk flest utfører vanskeleg arbeid på ærleg vis.

Spørsmålet er: Har politimeistrar latt vere å gripe inn i tilfelle der underordna har gitt kriminelle ulovleg særbehandling? Og enda viktigare: Har Riksadvokaten og skiftande justisministrar rydda opp når dei har fått kjennskap til slike korrupte forhold? Hittil har Norge hatt ein justisminister som prøvde å gjere akkurat det. Han er frå Fremskrittspartiet og gjekk høgt på banen i 2017.

Før eg fortel meir om han, kan du i neste kapittel lese om kven som betalte sluttrekninga da politiet handla med nokre av dei mest hardkokte kriminelle.

Eg prøver å henge bjella på katten.

VårtOslo har nylig utviklet en app for avisen. iPhone-brukere kan laste ned appen i App Store. Alle andre brukere kan laste den ned i Google Play.

Powered by Labrador CMS