VårtOslo julekalender: luke 14
Tora Systad Tyssen leder Fellesutvalget for Palestina. Foto: Privat
Hun sier nei til USAs anerkjennelse av Jerusalem som hovedstad i Israel
Luke 14: Denne uka ble hun og flere andre i Fellesutvalget for Palestina kastet ut av Facebook. I dag demonstrerte de foran Stortinget.
Navn: Tora Systad Tyssen
Aktuell med: Leder av Fellesutvalget for Palestina. I ettermiddag arrangerer de en markering foran Stortinget mot USA sin anerkjenning av Jerusalem som Israels hovedstad. Tidligere ble flere av arrangørene kastet ut av Facebook da de prøvde å promotere markeringen.
Glad for at det snakkes om barnefattigdom
Hva var den viktigste Oslo-nyheten i 2017?
– Det bør strengt tatt ikkje vere ei nyheit for nokon, men eg er glad for at vi i 2017 har snakka meir om ungane som veks opp i fattigdom i Oslo etter rapporten som kom om det i august. Det er store skilnader mellom ulike bydelar i Oslo og denne ulikskapen veks. No må vi snakke om kva vi kan gjere for å endre den sosiale og økonomiske ulikskapen i byen vår slik at alle ungar får like moglegheiter.
Ser fram til et rausere Oslo i 2018
Fremhev en Oslo-person du mener gjorde en innsats for byen i året som gikk?
– Eg synst det er så mange som bør trekkast fram, men sidan eg jobbar på Tøyen vil eg trekke fram den innsatsen som dei mange som arbeider her i bydelen, både i kommunen, i organisasjonar og på skulen, gjer for å gje eit godt tilbod til born og ungdom. Dei får til mykje gjennom ei skikkeleg laginnsats.
Hva ser du frem til i Oslo i 2018?
– Eg ser fram til at alle i Oslo vert endå rausare med dei som har minst og som treng det mest, at vi får avprivatisert velferdstenestene her i byen og at det vert ført ein meir sosial bustadpolitikk. Og så håpar eg 2018 vert året byrådet i Oslo følgjer etter Trondheim og Tromsø og gjer vedtak om forbod mot innkjøp av varer og tenester frå israelske busettingar på okkupert palestinsk jord. Og at kommunen trekk pensjonsinvesteringane sine ut av selskap og bankar som tener på okkupasjonen. Å bidra til folkerettsbrot er ikkje greitt.