DEBATT
Det pågår massetesting etter et smitteutbrudd ved byggeplassen til Petter Stordalens nye hotell ved Solli plass.
Foto: Martin Solhaug Standal / NTB
— Steng byggearbeidsplassar med klynger av smitte
— Bydel Frogner konstaterar at det på byggearbeidsplassar jobbar mange mennesker. Dei jobbar ikkje redusert eller har uttynna arbeidsstokkar. Dette utgjer ein risiko for smittevernarbeidet.
Mange har måtte tole innstrammingar i aktiviteten sin, mellom anna har butikkar og restaurantar måtte stenge ned. Det må også slike byggearbeidsplassar tole, sjølv om det kan gå ut over framdrift i ferdigstilling av prosjekt.
Eksempelvis var det måndag kveld avdekka minst 50 smittetilfeller på arbeidsplassen som Entreprenør Hent driv på det nye hotellet på Solli plass, blant ein arbeidsstokk på 350-400, noko som inkluderar alle underleverandørar sine folk.
— Pålegg stans i arbeidet ved smitteutbrot
Det har også komme bekymringsmeldingar frå medlemer og tillitsvalde i Tømrer- og Byggfagforeningen i Fellesforbundet om arbeidstilhøva på byens byggearbeidsplassar.
Bydel Frogner ber byrådet iverksette forskrifter som pålegger stans i arbeidet i ti dagar på byens byggearbeidsplassar som har tilfeller av litt større smitteutbrot. Slik at entreprenør og underentreprenørane kan sørge for, og vise til, at alle som har vore på arbeidsplassen går i karantene og overheld denne karantena.
— Alle arbeidsplassar må med i smittedugnaden
Befolkningen bør ikkje utsetjast for meir inngripande pålegg enn nødvendig, dersom det er utbrot på slike arbeidsplassar som er hovudproblemet for smittespreiinga. Dersom andre innbyggjarar skal tole innstrammingar, så må det vere fordi det er noko vi er med på å spreie. Alle arbeidsplassar må vere med på smitteverndugnaden.
Byrådet vedtok mandag kveld ei forskrift om smitteverntiltak på byggeplassar i Oslo kommune.
Den varar i tre veker. Svakheita ved denne er at det ikkje gis myndigheit til å kunne vedta stans ved byggearbeidsplassar, dersom det er eit smitteutbrot.
Fakta om smittevernarbeidet i Oslo kommune:
(frå bydelsdirektør Odd Rune Andersen i bydel Frogner)
- Smittevernarbeidet i Oslo ledes av Smittevernoverlegen og hans stab i Helseetaten som også er byrådets nærmeste rådgiver.
- Byrådet fastlegger anbefalinger og vedtar eventuelle forskrifter av varig eller midlertidig karakter for Oslo kommune som er byomfattende.
- Bydelsoverlegene har seg delegert smittevernsansvaret for å gripe inn ved å beslutte karantene, isolasjon og så videre. Det er ikke tillagt bydelene myndighet til å stenge ned aktiviteter av forebyggende art om byrådet ikke har vedtatt lokal forskrift.
Fakta om kven som støtta forslaget:
Frogner bydels Helse-, unge, sosial- og kulturkomite vedtok med fem mot fire røyster dette forslaget. Berre Høgre var i mot.
Forslaget går dermed vidare til Bydelsutvalget som har møte neste tirsdag klokka 18.